Planlegging og prosjekteringOpparbeiding av nye anleggVedlikehald av uteområdaSteinarbeidGravstellGravminne |
Planlegging og prosjektering Hagedesign og planlegging Ved god planlegging kan ein få til spanannde hagar. Vi har fleire år med solid erfaring, kunnskap og kompetanse med planlegging, utføring og vedlikehald av små og store prosjekt. Ved god planlegging kan ein få spanande og varierte hagar, som utviklar seg etterkvart som dei blir eldre og veks seg til. 1. Rådgjeving, synfaring og hagekonsultasjon Synfaringa varer i om lag 2 timar, der vi går ein rundtur i hagen din med muntleg rådgjeving. Eg vil gje idèar, inspirasjon og konkrete råd, anten det er ein ny hage som skal etablerast eller det er ein gamal hage som treng forbetringar. Målet med besøket er at ein i saman kjem fram til kva som er gode og dårlege sider ved hagen, og finne ut kva ein ønskjer seg med hagen sin. Utifrå dette teiknar eg opp ei grov planskisse over disponering av hagen; ei konseptskisse over kor dei ulike elementa skal plasserast. Denne skissa får de tilsendt. Før eg kjem på besøk: For å få best mogeleg utbytte av hagebesøket bør de ha tomtekart i målestokk 1:500. Finn gjerne fram bilete frå blad og bøker som illustrerer dykkar ”draumehage”. Eg vil også sende dykk ei sjekkliste før besøket, som kan hjelpe dykk med å definere kva de ønskjer ut av hagen. Fast pris for ei synfaring med konseptskisse er kr 2.400,- eks. mva. (Tillegg for køyring og ferje.) Men resulterer besøket mitt i arbeid til oss, vil vi trekke frå konsulenthonoraret i arbeidskostnaden. 2. Hageteikning Vi samarbeider med ein av Norges mest kjende hagedesignarar, Darren Saines ,om hageteikningar. Det nye konseptet går ut på at Darren Saines Hagedesign lagar eit skisseforslag, ved hjelp av nokre bilete og situasjonskart (huset si plassering og tomtegrenser) som vert sendt oss."E-mail hagen" er ein raskare og billigare løysing for alle dykk som ønskjer litt hjelp til å tenkje ut ei ny løysing for hagen. Det følgjer ingen detaljert planteliste med, og teikninga er ca. i skala. Er det ønskjeleg med ei fullstendig detaljert teikning i skala, med detaljert lys og planteliste i tillegg, vil det bli gjort til timepris. Dette tilbodet kostar kr 6.500,- eks. mva. Ta kontakt med oss for meir informasjon om dette tilbodet!
Lenkje: www.darrensaines.no |
