Om Rock Hagedesign
Rock Hagedesign er eit anleggsgartnarfirma som sidan oppstarten våren 2008 har bidrege aktivt til kreativ utvikling av private og offentlege uteareal i Indre Sogn.
Vi tilbyr dei fleste tenester innan anleggsgartnarfaget.
Sjølv om vi er eit lite firma, har vi solide samarbeidspartnarar slik at vi kan ta på oss relativt store oppdrag om det krevst.
Vår kompetanse og erfaring sikrar deg eit godt resultat, og vi tilpassar uteområda etter dine ynskje og behov.
Vi har mange spanande idear og gode løysingar for dei fleste typar uterom, anten det er for privatpersonar, bedrifter eller offentlege anlegg.
Kundegruppa vår er private hageeigarar, bedrifter og hotell, hytteeigarar, burettslag, samt barnehagar, offentlege institusjonar og kommunar.
Vårt mål er å tilby våre kundar kompetent konsultasjon og fagmessig god utføring.
Vi ynskjer å vere eit fagleg sterkt og engasjert firma, som tek vare på våre kundar på ein skikkeleg måte.
Punktlegheit og kommunikasjon er difor viktig for oss.
Det geografiske arbeidsområdet vårt er heile Indre Sogn, og det hender også at vi tek oppdrag utafor dette distriktet.
Dagleg leiar er Benjamin Rock med 12 års erfaring frå hagesenter- og anleggsgartnarbransjen. Om du velgjer oss er du garantert eit fagmessig godt utført arbeid.
Vi høyrer gjerne frå deg.
|