|
For den som ynskjer det, tek vi på oss stell av graver mot betaling.
Sommarstell startar med rydding og klargjering om våren. Det blir planta ut stemorsblomar til den 17. mai. I byrjinga av juni vert det planta sommarblomar.
Rock Hagedesign vil sjølv komponere samansetninga av sommarblomane. Gjennom sommaren utfører vi vatning, kantklypping, luking, og visne blomar vert plukka bort etter
behov. Sommarhalvåret varer frå 1. mai til 30. september.
Hauststell inneber at våre gartnarar fjernar sommarblomar og ryddar i bedet etter sesongen. Det vert planta lyng til allhelgenssøndag.
I tillegg er det mogeleg å bestille liljer til påske, og krans eller granbar til jul.
Vi vel mellom dei best eigna plantesortane til einkvar tid.
Som innehavar av ein avtale står Rock Hagedesign alltid til teneste for dine ynskjer utover avtalen, som for eksempel tenning av lys og blomar / bukettar. Skulle du ynskje lys og krans til andre merkedagar vil vi utføre dette etter ynskje.
Når ein inngår årlig avtale, blir det sendt faktura til gravansvarleg i august for stell og vedlikehald av grava. Betalingsfristen er 14 dagar. Avtalen om gravstell held fram til den vert oppsagd. Oppseiing av avtalen må skje før 1. mars kommande år.
Vi tilbyr tre ulike avtaler: Tilsynsavtale, Sommaravtale og Heilårsavtale.
På alle graver vi steller og har ansvaret for blir det brukt EMPERI™ sjølvvatningskasser. Leige av plantekasse er inkludert i avtaleprisen, og gjeldar for heile avtaleperioden.
Tilsynsavtale – for deg som ynskjer å plante sjølv
Tilsyn med gravstaden heile året. Vedlikehald, gjødsling og vatning.
Leige av EMPERI™ plantekasse er inkludert i avtaleprisen, og gjeld for heile avtaleperioden.
Sommaravtale
Tilsyn med gravstaden heile året. Vedlikehald, gjødsling og vatning. Planting av stemorsblomar til 17. mai og sommarblomar i juni. Klargjering av bedet til vinteren. Leige av EMPERI™ plantekasse er inkludert i avtaleprisen, og gjeld for heile avtaleperioden.
Heilårsavtale
Tilsyn med gravstaden heile året. Vedlikehald, gjødsling og vatning. Planting av påskeliljer til påske og lyng til hausten. Planting av stemorsblomar til 17. mai og sommarblomar i juni. Pålegging av krans, samt utsetjing og tenning av lys på julaftan. Leige av EMPERI™ plantekasse er inkludert i avtaleprisen, og gjeldar for heile avtaleperioden.
|